St. Olavs Hospital sett fra gangbroen over elva, som fortsetter over i Olav Kyrres gate. Foto: Ivan Brodey
Foto: Ivan Brodey
Artikler / Plan

Det er berre å gå inn

Yttarst i dalføret låg ein gong nordvendte strender, og potensialet for ein by. Seinare, E6 langs elva, eit Trondheim i det fjerne framom eit bakvendt fjordlys. Åssidene djupt ned, vegen snart på høge brustolpar. Folk og vatn same veg, gjennom omdiskuterte byområder.

Elva samlar bekkar og vassdrag frå høgareliggjande myrer og gårsdagens byger. Via Valøya, langsmed jernbane og turdrag, speglar tette kratt med skjult dyreliv, ein og annan laks. Grip om landskapet, samstundes utsikta til folk som vaknar bak vindauga på Byåsen.

Vegen hektar opp pendlarar og rush, frå nabo-kommunar og bydelar. Passerer Sorgenfri med parkerte bussar og klosshus, nyklipte restareal og pågåande reguleringsplanar. Kor mange skal i framtida ha kontor på fragmenterte Sluppen? Lerkendal stadion, med jubelrop og det høgste hotellet. Avisoppslag om eit nytt og større idrettsbygg yttarst på Øya. Universitetsbyen Gløshaugen ruvar glimtvis mellom trekronene, over Høgskoleparken, med folk og læring som forsiktig kryp lenger ned og inn mot bysentrum. Korleis skal ein campus sjå ut? Lyskryssa blir tettare og tettare, skilta fleire og fleire. I eit glimt, sjukehusområdet. Sikt mot spilebruer og kvitare plassrom, jamnare gesimsar og innsmett av spakare trekroner ved nye bydelsparkar.

Elgeseter gate

E6 blir Elgeseter gate. Ei freidig kløft, eller sjølve limet, alt etter kvar ein er på veg. Eit og anna trehus klamrar seg fast, med trapper ned mellom hekker eller opp langs kjellarmurar til heva hyblar. Langsgåande murbygg med støvete stovevindauge, stikk naser opp under skjørta på smale fortau. Nye kassehus vinkar high-five med gjenteipa butikk-vindauge. Kontorbygg blundar med blinde veggar, rykte om auditorium, laboratorium, forelesningssalar og energisparing. Utklekte studentkollektiv gøymer seg bak støyskjermar eller snur sida til. Vegbreidda flyt ut i store kryss og ein bensinstasjon, medan gløttande jugendgårdar frå ei anna tid tek kråkefot på den planlagte boulevarden.

Dei som vandrar rundt her er lette å gjenkjenne. Dei strenar opp og ned Høgskolebakken eller pakkar seg saman på buss nr. 5 til Dragvoll. Dei har tynne bein, lange hestehalar og like t-skjorter, og spring lette på stien langs elva ein torsdag ettermiddag. Samlar seg i ein kassert sofa på eit solfesta fortau ein fredag kveld. Står bleike og bustete i kø på Seven-eleven ein søndag morgon. Dei bur i det nye Europanbygget eller dei gamle Moholt-blokkene eller på Møllenberg. Eller dei bur nede på Øya, trehus på rekke, stille gapande i ulike nyansar av gult. Hageflekkane framom prega av studiar andre stader; ei lodden plen, ein einsleg prestekrage, flak av maling som fell frå sprokne vindaugsrammer.

Fra Bevegelsessenteret, tegnet av Team St. Olav: NSW, Medplan, Arstad Arkitekter AS, 2009. Foto: Ivan Brodey
Foto: Ivan Brodey

Fra Bevegelsessenteret, tegnet av Team St. Olav: NSW, Medplan, Arstad Arkitekter AS, 2009.

From the Mobility Centre. Architects: Team St. Olav: NSW, Medplan, Arstad Arkitekter AS, 2009.

Sjukehuset

Ei avkøyring og ei rundkøyring leikar med retningssansen. Byen løyser seg opp, kvar arm leier til noko eige. Kvar var ein på veg igjen?

Den breiaste gata har dei høgste bygningane og den grønaste midtrabatten. Fortaua opnar for ein forfina promenade inn mot eit ope plassrom. Lys og skuggar leikar seg inn i trekroner, ned mot steinheller og rundt om ein mjukt forma skulptur. Mylderet av dei som berre skal på apoteket ein tur. Eller låne eit toalett. Eller kjøpe ein billig kaffe. Det er berre å gå inn.

“Mylderet av dei som berre skal på apoteket ein tur. Eller kjøpe ein billig kaffe. Det er berre å gå inn.’”

Det er også andre her, uniformerte i kvitt og pastell. Dei sit på benkane og et matpakker og snakkar om kirurgiske inngrep og kvaliteten på helsesko. Så reiser dei seg og går, i retningar som Akuttmottak, Nevro-senter, Blodbank, Kvinnebarn. Dei kjenner dette området. Rett fram og til venstre. På høgre hand. Rundt hjørnet så ser du det. Hallen, videoinstallasjonen, heisen. Korridoren, brua, maleriserien med gult i. Det er berre å gå inn.

Så likevel ikkje. Var det den lågmælte samtalen? Hosta i det fjerne eller skilta med framande ord? Rører folk seg kanskje i eit anna tempo? Eller vibrerer lufta her på ein annan måte, liksom tettpakka av meir komplekse og livsavgjerande kjensler?

Nokon bur i dette nettverket av rutinar, vaktskifter og sengepostar. Nokon navigerer i denne informasjonsflyten, for ei kort eller lengre stund. Andre er ikkje ein av dei, ikkje i dag. Kan flyte gjennom, vidare og forbi.

Sjukehusparken

På eine sida, ei gate og eit gårdsrom. Ein og annan parkert bil, felt av planlagt villgras. På den andre, sett frå ei lita høgde, barna i barnehagen. Kvining av nystarta liv, konkurrerande viljar. Over det neste gjerdet, ein sommarvikar som slynger grasklippartraktoren mellom mjuke former av stein med namn. Inskripsjonar av minner og etterlate sakn. Mellom dette, ein park.

I morgontimar, graset framleis vått etter natta, steinane allereie varme av sola. Ein trost har lagt frå seg eit visittkort av fordøydd blåbær etter eit besøk i bymarka. Ei and siktar seg inn og entrar ein dam i perfekt symmetri med den vesle fossen og vassliljene. Markblomane skiftar nyansar ettersom sesongen endrar seg. Retningssansen vippar om på ein koparstol i ein nesten attgrodd stig.

Ein pilefletta labyrint snevrar seg inn om ein kropp og bladverk. I eit kapsla fokus forsvinn all orientering. Portalen og stolen, dammen og blåklokkene, ein ruin, ein spegel, ein labyrint. Spor av tenkte tankar og hender som forma. Rikdom. Ein flekk av ein park.

Eit kvartal bortanfor ligg bussen og plassen og kantinene att. Rundkøyringa, oppløysinga. Ein sykkelsti gir eit smett fram til ei lita parkstripe, hogd inn mellom fem køyrefelt og ei salsutstilling for bilar. Rekkene av grøne bussar stoppar opp ved raudt lys. Det runde hjørnet til Studentersamfundet er der gata blir brua og byen blir den samansmelta kjernen, i parade mot domen og handelen og kollektivknutepunkta.

Sykehusgatene knyttet til villabebyggelsen mot nord. Foto:  Ivan Brodey
Foto: Ivan Brodey

Sykehusgatene knyttet til villabebyggelsen mot nord.

The hospital streets are -connected to the surrounding suburbs.

Middelalderbyen

Midtbyen, regionsmålpunktet, med lengre historie og meir av alt. Kinoar og teater, museum og galleri, store institusjonar, smalare butikkar, tettare busetjing, fleire festivalar. Trehus, jugendbygg og paradegater. Aksar som erklærer fondmotiv og store landskapstrekk, fulgt opp i rekker av byggeskikkspenn og symmetrisk kantstein. Funksjonar og målgrupper som flyt kvartalsvis omkring.

Kvartal ein går langsmed, rundt, forbi. Hus ein oppsøkjer enkeltvis. Men kva skjuler seg innom, bak?Mindre kjente gateløp og avlåste portar leier til storkvartala sitt indre. Mellom skakke bakgårdar og smale sidefløyer ligg middelalderbyens veiter og gårdsrom, og trekk himmellys ned til lune og avskjerma bakkeplan.

Sjølv i den delen av byen som flest har kjennskap til, der folk bur tettast og trafikkbiletet er mest komplekst. Sjølv der elv møter kanal og E6 møter raudmala sykkelstiar og varebilar blir dinosauriske fenomen i gågater med solbriller og flygande kaffelokk. I alt som blandar seg saman og blir eitt, sjølv der, finst baksidene som ein eigen kategori. Ikkjestadene. Anten årsaka er privateigedomsrett, logistikkutfordringar, volumpekulasjonar eller blygsel.

Få får sjå brenneslene som blomstrar langs ein øksa panel. Eller kjenne solvarmen oppetter ein svalgang ved ein innparkert grusplass. Høyre fontena i gårdsrommet med formklipte buskar. Eller gå barbeint på den langstrakte grasmatta i kvartalet med dei eldste husa og dei yngste barna.

Kva er eigentleg potensiala, i byens ikkje utstrekte djupn?

Potensielt utstrakte lysforhold

Det nye sjukehusområdet i Trondheim viser at sjølv ein krevjande og samtidig tander institusjon kan integrerast med ein kvardagsleg bylogistikk. At eit område med sine heilt klare målgrupper, kan setje seg i stille respekt utan å bli avvisande for andre. Korleis?

Det kom eit nytt system, eller det er eit gamalt. På eit flyfoto, grå takflater, sirleg deisande inn i rutenettet til eit villastrøk. På bakkeplan, ei iscenesetting av gamle teglhus, djupn og nivå av nye frirom, innslag av dei meir krokete og seigliva trestammane.

Det kom eit nytt lys, eller det er eit gamalt. Eit som kastar seg nedetter glaserte fasadar, smyg seg bortetter gater og spreier seg om hjørne på den andre sida. Der framme, eit stykke bortom, eller nede ved føtene. Det er berre å gå inn. Og det fell inn, i sprikande greiner og bladverk frå nye vinklar, gjennom rake spilar og smale sprosser.

Sikt som strekker seg langt, og litt lengre. Eit nytt gløtt til elva, ein meir interessant snarveg, ein busstopp med blankare rammer. Eller som dveler, i former, materialar og vegetasjon. I noko som kjenst nært, og litt nærare.

Dørene går opp, ein går inn, og det første ein ser er hagen som ligg lenger inn. Skimring i golvflater mellom regnvåt asfalt og blankt gras. Sjå her, alle ikkje enno bygde byområde. Kanskje til og med ein krumbøygd middelalderstruktur, med alle sine gløymde gløtt.

Elva er brei og havna er djup i Trondheim. Men kanskje var det ikkje berre dei praktiske funksjonane som trekte dei første folka hit? Kanskje var det noko anna dei såg. For når sola sig ned i nordvest, kjem ein eigen klang av noko gyldent, som fér oppetter Munkegata og treff Nidarosdomen midt i spiret, før det breier seg utover møner og gesimsar, bortetter elveslynga, oppetter åssidene. Eit urgamalt lys. Og det går inn, der det kan gå inn.

St. Olavs Hospital sett fra gangbroen over elva, som fortsetter over i Olav Kyrres gate. Foto: Ivan Brodey
Foto: Ivan Brodey

St. Olavs Hospital sett fra gangbroen over elva, som fortsetter over i Olav Kyrres gate.

Pedestrian bridge across to St. Olav’s Hospital.

English Summary
Just walk in

By Margrethe Aas

As Margrethe Aas follows the river from the hills out to the Trondheim Fjord, she describes the connections of the hospital to the surrounding urban fabric; a stitching of structures and streets, people and purposes.

From the wide stretches of the Elgeseter gate highway along one side to the timber-panelled suburbia on the other, the city dissoves and reassembles among the hospital buildings. Despite the concentrated bustling of medical staff, all structures are open, everywhere you can just walk in. Have a coffee. Peruse the artworks. Quiet walks among ponds and flowers, openings in the city under the light of a wide sky.

This new light, this new system that the hospital represents, seems to open new ways through the city, says Aas. New openings, where you can just walk in.

Det er berre å gå inn
Margrethe Aas
Margrethe Aas debuterte i 2015 med diktsamlingen Vy. Aas er arkitekt med utdanning fra Nordland kunst- og filmskole og Arkitektskolen Aarhus. Hun…les mer
Det er berre å gå inn
Publisert på nett 02. mai 2017. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 5 – 2016. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.