Ufunksjonelle baderom i sjukeheimar

Det er dei helt små tinga som avgjer om pleietrengjande og eldre kan klare seg sjølve eller om dei må ha hjelp. Arkitektar har ei sentral rolle i å sørgje for velvere og verdighet for sårbare individer, skriv Jeanne Boge.

Ifylgje Arbeidstilsynet bør både sjukeheimar og omsorgsbustader utformast slik at dei som bur i einingane kan bli verande trass i omfattande pleie- og omsorgsbehov.1 Det vil seie at einingane bør vere utforma slik at dei er like godt tilpassa relativt førlege og sjølvhjelpte bebuarar, som totalt pleietrengjande. 

Ein rapport om funksjonaliteten til baderom som blei gjennomført i 2014 indikerer at utforming av sjukeheimar er basert på ein idé om at mest alle bebuarane treng hjelp av pleiar når dei er på toalettet, men slik er det ikkje.2 Ei kartlegging som blei gjort våren 2015, viser at meir enn halvparten av 478 bebuarar ved sjukeheimar i Bergen klarte seg åleine på toalettet.3

Fleire bebuarar i sjukeheimar kunne truleg klart seg utan hjelp frå pleiar når dei skal på WC, dersom baderomma hadde vore meir funksjonelt utforma. Ufunksjonelle baderom kan medverke til at meir hjelpetrengande bebuarar må late urin og avføring i bleier i staden for på toalett, med tilhøyrande ubehag og fare for urinvegsinfeksjonar. 

Den ovanfor nemnde rapporten frå 2014 viser at nyare bad er meir funksjonelle enn eldre bad, men at også relativt nybygde bad ikkje er optimale.

Sjølv om denne artikkelen tek utgangspunkt i sjukeheimar, er problematikken om tilgang til toalett relevant for sjukehusbygg, bustader for funksjonshemma, offentlege bygg og for private husvære som vert bygd med livsløpsstandard. 

Tilhøve som kan hindre sjølvhjelp ved toalettbesøk 

Dei siste åra har det vore gjennomført eit storstilt arbeid for at dei som bur i sjukeheim skal ha eige rom med tilhøyrande bad og toalett.4

For eldre og skrøpelege kan baderomsutforminga vere avgjerande for kor vidt det er mogeleg å vere sjølvhjelpt på toalettet. Nedanfor skal me sjå på tilhøve som kan hemme sjølvhjelp og privatliv ved toalettbruk.

Toalett som ikkje er tilpassa lengda på bebuar sine føter

For å sitte støtt på toalettet bør beina vere plassert på golvet, samstundes som toalettsetet ikkje bør vere for lågt plassert, fordi låg plassering kan gjere det vanskeleg for skrøpelege eldre å reise seg etter toalettbesøk. Ingen av dei 20 sjukeheimane som blei kartlagt våren 2014 hadde toalett som kunne høgderegulerast.5 I ein studie frå Trondheim kommune frå 2008 etterlyser pleiarane regulerbare toalett, fordi toaletta var for låge for enkelte og for høge for andre. Dette førte til at det kunne vere vanskeleg for bebuar å kome seg opp frå toalettet, medan andre blei sittande på toalettet med dinglande bein.6 Ein studie frå Helse Bergen viser at toalett og servant som kan hevast og senkast var avgjerande for at pasientar kunne vere sjølvhjelpte på badet.7

Fig. 1. Plassering av toalettpapir og skyljemekanisme. Foto: Jeanne Boge, 2014

Fig. 1. Plassering av toalettpapir og skyljemekanisme.

Foto: Jeanne Boge, 2014

Vanskeleg tilgang til toalettpapir og skyljemekanisme

Dersom det skal vere enkelt for skrøpelege eldre som sit på toalettet å klare seg sjølve, bør toalettpapir og skyljemekanisme vere innan rekkevidde frå sittande stilling. På 11 av 20 bad som blei kartlagt våren 2014, vil det vere vanskeleg å nå toalettpapiret når ein sit på WC fordi toalettrullane heng på veggen bak toalettet, eller fordi papirrullar som heng på veggen ved sidan av toalettet ikkje er innan rekkevidde. Ingen av dei 20 bada hadde skyljemekanisme som var tilgjengeleg for den som sit på toalettet.8 (Se fig. 1)

 
Fig. 2. Handtak på toalett. Foto: 1. års bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen, 2014

Fig. 2. Handtak på toalett.

Foto: 1. års bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen, 2014

Ufunksjonelle handtak ved toalett 

Den ovanfor nemnde studien frå Helse Bergen viser at det er viktig med lange, regulerbare, veggfaste støttehandtak ved toalettet.9

Kartlegginga av bad i 20 sjukeheimar i 2014 viser at alle bada hadde handtak i tilknyting til WC, med unnatak av ein sjukeheim, men det varierte mykje korleis handtaka var utforma.10 Ved sjukeheimar som var utforma i forlenginga av BANO-konseptet, var handtaka festa til veggen og dei kunne regulerast opp og ned.11 BANO-handtaka utmerka seg ved å byggje lenger framfor toalettet enn dei andre handtaka. 

På enkelte bad var handtaket festa til toalettet. Slike toalettfikserte handtak er relativt korte og dei kan vere ustødige. Dei kan også kome i vegen for pleiar som hjelper bebuar i toalettsituasjonar, og dei kan kome i konflikt med dostolar. (Se fig. 2)

Fig. 3. Bad som gjer det relativt enkelt for bebuar å ta seg over frå toalett til servant.

Fig. 3. Bad som gjer det relativt enkelt for bebuar å ta seg over frå toalett til servant.

1. års bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen, 2014

Fig. 4. Bad med relativt stor avstand -mellom toalett og servant.

Fig. 4. Bad med relativt stor avstand -mellom toalett og servant.

Jeanne Boge, 2014

Mangelfulle servantfasilitetar

Dersom ein vil legge til rette for sjølvhjelp på toalett i sjukeheimar og omsorgsbustader bør servanten vere innan rekkevidde når ein sit på toalettet, det bør vere rikeleg med handtak på servanten og den bør vere tilpassa høgda til bebuar. 

Kartlegginga av sjukeheimar i 2014 viser at på dei fem bada som var utforma etter BANO-konseptet, var det godt tilrettelagt for at bebuar sjølv kunne ta seg over frå toalett til servant. (Se fig. 3)

Ved dei 15 andre sjukeheimane kunne det vere vanskeleg for ustødige og svekka bebuarar å kome seg frå toalett til servant fordi det ikkje var gode nok handtak ved toalett, fordi det mangla handtak på servanten og/eller fordi avstanden mellom servanten og toalettet var stor. (Se fig. 4)

Studien frå Helse Bergen viser at bebuarar som har litt kraft i føter kunne klare å ta seg over frå toalett til servant utan hjelp, dersom avstanden mellom desse to installasjonane ikkje er lenger enn 40-70 cm og dersom det er godt tilpassa handtak på servant og ved toalett.12 Ein norsk studie frå 2010 viser at personar som hadde trengt hjelp på badet heime, ikkje trong hjelp når dei kom på eit rehabiliteringssenter som hadde funksjonelle bad, og det såg ut for at dette hadde samband med at avstanden mellom toalett og servant var så kort at pasientar kunne ta seg over frå toalett til servant utan hjelp frå pleiar.13

 
Fig. 5. Plassering av tørkepapir og såpedispensar. Foto:  1. års bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen, 2014

Fig. 5. Plassering av tørkepapir og såpedispensar.

Foto: 1. års bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen, 2014

Utilgjengeleg tørkeutstyr

Når ein har vaska hendene, må dei turkast. Eg kan ikkje sjå at Arbeidstilsynet, Husbanken eller BANO har normer for plassering av såpedispenser, tørkepapir og knaggar på bad i sjukeheimar. Studien frå Helse Bergen i 2014 viser at det mangla knaggar.14 I kartlegginga av baderom i 2014, hadde 9 av 20 bad knaggar som var tilgjengelege for rullestolsbrukarar, medan 11 bad hadde knaggar som var plassert så høgt at dei ville vere vanskeleg tilgjengeleg frå sittande stilling. Det var berre på 2-3 av bada at bebuar kunne nå tørkepapiret frå sittande stilling ved servanten, medan mange av såpedispensarane var tilgjengelege frå same stilling.15 (Se fig. 5)

 
Fig. 6. Bueining med dør til bad i forgang og takheisskinne over seng

Fig. 6. Bueining med dør til bad i forgang og takheisskinne over seng

Ufunksjonell plassering av baderomsdører

70-80% av dei som bur i sjukeheim har demens, og dei kan gløyme kvar toalettet er.16 Derfor bør døra mellom bebuarrom og bad vere plassert slik at bebuar kan sjå toalettet frå senga si. I dei 20 sjukeheimane som blei kartlagt våren 2014 var ingen av dørene plassert slik at bebuar som låg i seng kunne sjå toalettet.17 Dei fleste dører mellom bebuarrom og bad var plassert i forgangen.

Bleier i staden for toalett

Ovanfor har me hatt fokus på bebuarar i sjukeheim som kan stå og gå på føtene sine og bruke hendene sine. I sjukeheimar er det mange bebuarar som ikkje kan stå og gå eller bruke hendene sine fordi dei har lammelsar eller andre fysiske problem.18 Dermed blir dei avhengige av rullestolar, heisar og pleiar for å kome seg på toalettet. En kartlegging frå 2015 viser at om lag 40% av bebuarane er totalt hjelpetrengjande når dei skal bruke toalettet. Nedanfor skal me sjå på nokre moment som kan medverke til at bebuarar bruker bleier i staden for toalett. 

Smale døropningar

Husbanken tilrår at døropningane mellom bad og bebuarrom er minimum 90 cm breie, for at det skal vere rommeleg for dei som treng rullator, rullestolar og anna forflyttingsutstyr. I 5 av 20 sjukeheimar som blei kartlagt våren 2014 var døropninga mellom bad og bebuarrom 80 cm. Dermed kan det vere vanskeleg å hjelpe bebuarar som brukar rullestol og andre former for forflyttingsutstyr inn/ut av slike rom.  

Ingen gjennomgåande takheisskinner 

Dersom eldre skal kunne bli buande i omsorgsbustad/bueining i sjukeheim sjølv om dei skulle bli meir pleietrengjande, bør det vere mogeleg å bruke takheis. Takheisar er eit forflyttingsverktøy som kan bidra til at personar som ikkje kan stå på føtene sine, lettare kan kome seg på toalettet. Kartlegging av bueiningar i 20 sjukeheimar i 2014, viser at 12 av 20 sjukeheimar hadde takheisskinner over seng. Plasseringa var vanlegvis i pakt med illustrasjonen på figur 6.

Tre av bueiningane hadde takheisskinner på bad. Ingen sjukeheimar hadde gjennomgåande takheisskinner mellom bebuarrom og bad, så pleiar måtte kople bebuar av skinna i bebuarrommet, for så å kople bebuar på att på badet.19

Ein rapport frå Trondheim kommune viser at takheis vert rekna for eit godt forflyttingsverktøy, men at takheisskinner som er montert slik at ein lyt kople om heisen mellom bebuarrom og bad, ikkje vert brukt, fordi det er tungvint å kople om.20 Bakgrunnen for at takheisskinnene i Trondheim ikkje var gjennomgåande var ulik takhøgd i bebuarrom og bad. Dermed stoppa skinnene utanfor badet, og så måtte ein kople om til ei anna skinne inne på badet. 

I 18 av 20 sjukeheimar som blei kartlagt i 2014 var takhøgda på bada 9-70 cm lågare enn i bebuarromma.21 Det vil sei at romma ikkje var bygde med tanke på montering av gjennomgåande takheisskinner.

Små baderom 

Når det ikkje er gjennomgåande takheisskinner, lyt bebuarar som ikkje kan stå på føtene sine bruke andre heisordningar som forflyttingsverktøy. Slike installasjonar krev relativt stor plass. Baderom i sjukeheimar og omsorgsbustader bør vere så store at dei kan romme rullator, ”preikestolar”, rullestolar og andre forflyttingsverktøy. For å tilfredsstilla slike krav, tilrår Arbeidstilsynet at golvarealet er minst 240 x 245 cm. Det vil sei 5,88 kvm. Avanserte hjelpemiddel, som for eksempel fleksible dusjstolar, vil ifylgje Arbeidstilsynet krevje større sanitærrom.

18 av 20 bad som blei kartlagt våren 2014 var mindre enn 5,8 kvm. Det minste badet var om lag 3 kvm. Tilstandsrapportar frå Bergen kommune viser at fleire sjukeheimar har små bad, at dei er dårleg tilrettelagde for bebuarar med store, moderne rullestolar og at dei sanitære anlegga bør oppgraderast.

Den tidlegare nemnde studien frå Helse Bergen viser at både for små og for store baderom kan vera problematisk. Eit av dei viktigaste funna var at eit testbad på 4,9 kvm var det som fungerte best, men i baderom som var berekna på sengeliggjande pasientar, og det ofte var bruk for at fleire personar assisterer pasienten, ville det truleg vere betre med eit baderom som er om lag ein kvadratmeter større, under føresetnad av at støttepunkta vart auka tilsvarande og at avstanden mellom elementa servant, toalett og dusj ikkje blei endra.22

Ufunksjonelle baderom er uverdige og samfunnsøkonomisk ufordelaktig

I helsevesenet er løn til personell den største utgiftsposten. Rapporten frå Helse Bergen viser at pasientane erfarte funksjonelle bad som verdigare, dei blei meir sjølvhjelpte og pleiarane brukte gjennomsnittleg 12 minutt mindre tid per pasientbesøk på nye funksjonelle bad.23

“Arkitektar kan vere med og fremme velvere og verdighet for nokon av dei mest sårbare individa i samfunnet.”

Arkitektar har ei sentral rolle ved utforming av nye sjukeheimar og omsorgsbustader og ved rehabilitering av slike bygg. Denne yrkesgruppa kan bidra til at menneske som har litt funksjon i armar og bein, får bu i bygg som gjer det mogeleg å klare seg åleine ved toalettbesøk. Vidare kan arkitektar bidra til at bebuarar som er totalt pleietrengjande får bruke toalett i staden for bleier. Det kan spare bebuarane for plagsame urinvegsinfeksjonar, hindre obstipasjonar og fremme velvere og verdighet for nokon av dei mest sårbare individa i samfunnet.

Noter
  1. Arbeidstilsynet. Veiledning om arbeidsmiljø i helseinstitusjoner, Kapittel 10, Sanitærrom. 2006.
  2. Boge J. Funksjonaliteten til baderom i sjukeheim. Høgskolen i Bergen og Senter for omsorgsforskning Vest, 2014.
  3. Kartlegginga av 478 bebuarar sin bruk av toalett og bleier blei utført våren 2015 av bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen og den er basert på strukturerte intervju med pleiarar som kjende godt til den enkelte fastbuande sine toalettvanar.
  4. II RS. Morgendagens omsorg. In: omsorgsdepartementet H-o, editor. 2012 - 2013. p. 99 - 116.
  5. Boge, 2014.
  6. Furu B. Forprosjekt: Fremtidens eldreboliger. Toalettproblematikk for eldre og funksjonshemmede, Trondheim kommune. 2008.
  7. Lunde P., Eek E.D. Fremtidens baderom på sykehus. Et innovasjonsprosjekt. Bergen: Helse Bergen HF, BANO AS, Innovest AS, 2014.
  8. Boge, 2014.
  9. Lunde P., Eek E.D., 2014.
  10. Boge, 2014.
  11. Det private norske firmaet BANO leverer komplette baderom til helsesektoren. Hovudpunkta i BANO-konseptet er fleksible, funksjonelle baderom som gjer det så enkelt som mogeleg for bebuar å klare seg lengst mogeleg utan hjelp. BANO legg vekt på optimal plassutnytting og gjennomtenkt plassering av dei ulike elementa på badet. Eg har ikkje klart å identifisere andre firma i Noreg som har ein filosofi om baderomsutforming/-utstyr i helseinstitusjonar.
  12. Lunde P., Eek E.D., 2014.
  13. Lunde P. “Erfaringer med baderom på sykehjem - og fra sykehus”. www.forflytning.no: 2010.
  14. Lunde P., Eek E.D., 2014.
  15. Boge, 2014.
  16. Engedal K., Haugen P.K. Demens. Fakta og utfordringer (4. utg.). Tønsberg: Forlaget Aldring og helse; 2004.
  17. Boge, 2014.
  18. Kirkevold M., Brodtkorb K., Ranhoff A.H. Geriatrisk sykepleie. Oslo: Gyldendal Akademisk; 2014.
  19. Boge, 2014.
  20. Furu, 2008.
  21. Boge, 2014.
  22. Lunde P., Eek E.D., 2014.
  23. Ibid.
Jeanne Boge
Jeanne Boge er 1. amanuensis ved Senter for omsorgsforskning Vest, Høg­skolen i Bergen.
Ufunksjonelle baderom i sjukeheimar
Publisert på nett 05. april 2019. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 5 – 2016. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.