Gaten som by- og stedsformer
  • Tittel: Gaten som by- og stedsformer
  • Forfatter: Knut A Selberg
  • Utgivelsesår: 2002
  • Forlag: Statens vegvesens fagbokserie
  • Antall sider: 175

Statens vegvesen har sett seg føre å gje ut ein serie fagbøker. Eg har lese det fyrste bindet, og sit att med inntrykk av eit hyggjeleg, velmeinande og nokså opplyst ‘vesen’. Mykje grøftevatn har rent i kummane sidan det same vesenet med hard hand og stiv kurvatur sprengde, reiv og hogg seg veg gjennom tun og fukthagar i min barndoms fjordbygd-idyll ved Hardanger­fjorden. Dersom Knut Selberg sitt arbeid syner status og framtidsretning for vegplanlegging- og bygging, har me mykje å gleda oss til. Boka må sjåast på som ei etterlengta oppreisning for alle dei som har kjempa for veg- og gateplanlegging som eit breiare fag enn «transportøkonomi», «siktlinjer» og «ÅDT». Det er på tide! 

For ti år sidan kom Håndbok 017, Veg og gateutforming frå same utgjevar. Denne grundige oppslagsboka har «…bidratt til å gjeninnføre gatearkitektur og byforming som aktuelle tema i planlegging og prosjektering av veger og gater. Det er imidlertid behov for å videreutvikle kompetanse på disse områdene,» står det i føreordet til den nye boka. Den rettar seg mot planleggarar (landskapsarkitektar, ingeniørar, osb.), beslutningstakarar, drifts- og vedlikehaldsansvarlege i vegvesenet og i kommunane, og alle som er opptekne av veg- og gateutforming. Det er gjenoppfrisking av kunnskap for somme (får vi håpe), det er vaksenopplæring, og det er folkeopplysning. Boka tek sikte på å få lesaren til å gå i kjeldene, mellom anna gjennom eit fotnotesystem.

Innhaldet er delt i 5 kapittel, i tillegg eit grundig samandrag og ein grei kjelde- og oppslagsdel. Dei fyrs­te to kapitla er via til oppbyggjeleg bakgrunnsstoff om stedsforming og byformingshistorie, eit lettbeint tverrsnitt frå Christian Nor­berg-Schulz til Thomas Thiis-Even­sen. Så held det fram med områdetypar, som er ei definering av gatehierarki og vegstandardar på ulike stader og til ulikt bruk. Dei to siste kapitla er nokså like, dei handlar om utformingsprinsipp og om utforming: ein «slik – ikkje slik»-presentasjon av tiltak og løysningar som er grundig drøfta og er bra lesnad. 

Tekstmessig har boka varierande kvalitet, frå det lette, inspirerande og forteljande, til tungt og trått byråkratprat. Det er tydeleg at det er fleire bidragsytarar, og at dei ikkje var samde om eitt tekstuelt konsept før dei sette i gang. Somme passasjar er rett og slett vanskeleg å henge med på. Her og der lurar eg på om målgruppa vert litt undervurdert, som til dømes: «En handlegate er en gate med butikker. Bes­krives gaten som en sentral handlegate sies det i tillegg noe om dens betydning og plassering i bymiljøet.» Jaja. Eg saknar fleire døme, historier som gjev liv til innhaldet.

Boka er rikt illustrert med foto, modellar og teikningar. Det gjer den monaleg lettare for alle oss som er opptekne av bilete, ingressar og overskrifter. Både foto og teikningar spenner frå eit heilt profesjonelt nivå (som det bør vera), til nokså amatørmessige skisser og uskarpe registreringsfoto. Mange av modellane er interessante og gode, men andre er for teoretiske til å greia seg utan forklaring. Selberg Arki­tektkontor er kreditert ei stor mengde av illustrasjonane i boka, utan at planleggjarmiljøet bak dei ulike prosjekta er nemnde. Den utstrekte bruken av eigne dømer har nok ei forklaring, men svekkar truverdigheita.

Det har nok ikkje vore noko mål for Statens vegvesen at dette skulle bli eit praktverk, snarare ei solid, offentlig utgjeven lærebok som skal brukast. Likevel tykkjer denne lesaren at regien på både tekst og illust­rasjonar med fordel kunne vore opp­strama. Innpakkinga/layouten når heller ikkje opp til den gode innhaldsmessige bodskapen. Sideoppsett og punktmarkeringar minnar lesaren stadig på kjensla av «pensum». Fagbøker skrivne for fagfolk av fagfolk er nok ikkje alltid det beste. Kva om det neste bindet i fagbokserien vart presentert av ein journalist, ein reklameperson eller ein grafisk designar? Kan hende boka ville begeistra endå meir, vera lettare tilgjengeleg, og nå fleire lesarar. Når boka handlar om at dei beste vegar og gater blir til i krysningspunktet mellom ulike fag og føresetnadar, hadde det vore flott om sjølve boka var eit lærestykke i nettopp tverrfagleg samarbeid.

Ettersom intensjonen er å treffa planleggjarane / beslutningstakarane (og nokre til), kan utfordringa vera korleis stoffet kommuniserer med desse. Vil ei ny «lærebok» ve­ra den mest nyttige reiskapen for meir nyansert prosjektering og bygging av vegar og gater? Kanskje det vil det. Eg trur likevel det må gjerast ein jobb med å innføre bodskapen som ein «ny kultur» i mange av landets plankontor og etatar.

Det er nesten litt ille å gje anna enn ros til et så prisverdig prosjekt som landets kanskje største og mest omdiskuterte utbyggjar har sett i sving. Målsetjinga med Gaten som by- og stedsformer var å utdjupe og nyansere Håndbok 017. Det gjer boka, og dette er såleis eit vellukka prosjekt. Boka er innhaldsrik, kunnskapsrik og har eit stort spenn. Den har ei form som ikkje er endeleg og konkluderande, det er også bra. Knut Selberg og hans skarpskodde medhjelparar har gjort eit godt utval frå meir eller mindre kjent stoff. Det nye er at Statens vegvesen er avsendar. Boka er der, ho er ein milestein i vegplanhistoria og eit godt fundament for framtidige bygge- og reparasjonsprosjekt for gater og vegar. Når innhaldet vert teke i bruk og etterlevd, så vert Noreg eit betre land å leve i.

Gaten som by- og stedsformer
Publisert på nett 04. september 2018. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 5 – 2003. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.