Korn – bærebjelken i vår sivilisasjon
  • Tittel: Vårt daglege brød – Kornets Kulturhistorie
  • Forfatter: Amund Bjørnstad
  • Utgivelsesår: 2010
  • Forlag: Vidarforlaget
  • Antall sider: 250

Kven tenkjer over at det var korndyrkinga som la grunnlaget for all høgare sivilisasjon? Det burde vi gjera. For det var kornet som gjorde menneska bufaste, og skapte byar, seinare også bygder. Det var òg kornet som skapte skriftspråk, matematikk og fast lovgiving. Så langt historia. Når det gjeld framtida er korn i ferd med å bli verdas viktigaste våpen i det maktpolitiske spelet.

Dette og mykje meir kan ein lesa om i den sers leseverdige boka Vårt daglege brød av Åsmund Bjørnstad, professor i planteforsking på UMB. Hovudtyngda i boka ligg på kornets kulturhistorie, men ho drøftar også kornet si rolle i framtidas internasjonale realpolitikk. Det ein kan lesa ut av kapitlet “Korn nok i vår tid?” burde få sjølv den mest ihuga urbanist til å tenke gjennom kven som skal styra byen og korleis, når den dagen kjem at dei som har makt over maten også har makt over byen. 

Bjørnstad skriv einfelt og levande. Det vil seia, når han skriv om planteforsking, om genar, næringsbehov, klimatilpassing og liknande, har eg ikkje kunnskapar nok til å følgje heilt med, men sjølv det mest vitskaplege stoffet er spennande å lesa. Det er likevel ikkje einfelt å gje eit oversyn over den utruleg vidtfemnande boka. Eg kan berre gje ei aning ved å nemna nokre av hovudkapitla: 

“Korn og sivilisasjon” er kanskje det kapitlet eg som gamal samfunnsplanleggjar vart mest fascinera av. Eg vil anbefala arkitektar og andre urbanistar å starta med å lesa det kapitlet. Så kan henda dei òg vil forstå at utan bønder ville me ikkje hatt korkje urban kultur eller urban levemåte. 

“Det gamle kornåret” tek for seg tradisjonar både når det gjeld sjølve dyrkinga, og bruk av korn som ernæring. Det siste avsnittet i kapitlet drøftar også kornets store konkurrent, poteta, som likevel vart eit heller kort intermesso i vår europeiske mathistorie. Men i global samanheng, kan vi lesa i andre kapittel i boka, er poteta på rask frammarsj. I Afrika, for eksempel, ekspanderer ho raskare enn nokon annan matvekst.

“Når det gjeld framtida er korn i ferd med å bli verdas viktigaste våpen i det maktpolitiske spelet.”

Det mest spennande kapitlet, av di det er så aktuelt, er “Korn nok i vår tid?”. Eg skal ikkje forsøke noe referat, bare antyda at forsking er eit sentralt tema. Forfattaren er innom alt frå vatn til fosfat og energi som alle trugar med å bli mangelvarer i framtidas matproduksjon. Han skriv stillfarande. Ein merkar likevel eit dirrande engasjement under overflata.

Teksta er illustrert med eit mangfald av gode og tankevekkjande illustrasjonar, nokre òg i form av lyrikk. Illustrasjonane dekkjer heile den tidsperioden me har hatt byar og bygder i verda, altså 10 000 år. 

Noko småplukk er det sjølvsagt å ergra seg over, men det er heller lite. Nokre trykkfeil, eit par uklåre figurar og, meir viktig, alt for liten omtale av dei nye kornmaktene i verda. Det gjeld fyrst og fremst Argentina og Brasil. Men eg har fått veta at dei vil få større plass i den internasjonale utgåva som no er under arbeid.

Heilt på tampen vil eg nemna at om du les Vårt daglege brød saman med Frode Fanebust si bok Selvbedraget (sjå omtale i Arkitektur-N nr. 7 2010) fer du eit utvida perspektiv på begge – og på verda.

Korn – bærebjelken i vår sivilisasjon
Røyne Kyllingstad
Røyne Kyllingstad er arkitekt, planlegger og pensjonert professor i oversiktsplanlegging på AHO.
Korn – bærebjelken i vår sivilisasjon
Publisert på nett 03. desember 2019. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 5 – 2011. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.