Stødig og stilreint om landskapsarkitektur
  • Tittel: Fem fortellinger om landskap
  • Forfatter: Ingrid Fallet (red.)
  • Utgivelsesår: 2019
  • Forlag: Norske landskapsarkitekters forening
  • Antall sider: 199

I samband med 100-årsjubileet for landskapsarkitektutdanninga på Ås og IFLA-kongressen i Oslo i år, har NLA gitt ut boka Fem fortellinger om landskap

Utgivinga er eit samarbeid mellom fleire bidragsytarar, med Ingrid Fallet i spissen som redaktør. Det er ei smakfull fagbok, med solid og flott innbinding som vil stå seg godt. Med gjennomført design som passar godt til temaet, er det tydeleg at det ligg mykje arbeid og omtanke bak. Boka er ein slags hybrid mellom ei biletbok og eit fagmagasin, med nydelege bilete i høg kvalitet og stort spenn i tekstleg innhald. Boka er tenkt som ei samling av representative prosjekt og essay for å ta tempen på landskapsarkitekturen i Norge per i dag. Prosjekta spenner over dei siste tjue åra og er kategorisert i fem forteljingar: oppvekst, transformasjon, «små ting», folkehelse og det grøne skiftet. Det er eit godt grep å dela boka opp på denne måten. Det gjer at ein les prosjektpresentasjonane i ein større samanheng når ein dreg linjer frå teksten i kapitelet og grepa ein kan finna att i prosjekta. Ulempa er at nokre av dei presenterte prosjekta er vanskelege å plassera i denne samanhengen.

Fleire av tekstane i boka er gull. Dei inspirerer med nye vinklingar og gode idear som festar seg. Det er verdt å nemna Thea Kvamme Hartmann sin tekst om leikeplassen. Neste gong ein skal prosjektera for born, må ein finna intensjonen bak leiken ein legg til rette for. Den historiske gjennomgangen synleggjer at ulike intensjonar skapar ulike leikeplassar og at me med ei meir medviten tilnærming vil oppnå eit større mangfald. Aha!

Andre tekstar som utmerkar seg er Ingerid Helsing Almaas sitt essay om språket me brukar for å skildra landskap, Kathrine Strøm sin tekst om berekraft i landskapsarkitekturen – eit kritisk spark bak til oss alle – og Marius Fiskevold sin presentasjon av den nye metoden for landskapsanalyse som dei utvikla for Vegaøyan. Ein finn også ei sjeldan god prosjektskildring som fortener heider. Skildringa av Rådhusbrygga (RB2) er eit poetisk stemningsbilete.

Det er nokre småting som skurrar. Omsettinga i dei engelske samandraga er overkomplisert og kjensleladd, med enkelte direkte feil. Boka hadde fortent ein profesjonell omsettar. Då ville også den siste, og lengste, teksten –  «The Green Shift» – ha vore omsett til norsk. Slik ville boka blitt meir heilskapleg. Språket i ingressane til nokre av kapitela verkar ikkje gjennomarbeidd og inneheld enkelte setningar som irriterer. Vidare ville flyten i boka ha vore betre om prosjektskildringane i større grad var spissa mot kapittelet dei høyrer til.

Men, sett under eitt er utgivinga ei praktbok som maktar å famna vidt. Etter å ha lest boka har ein fått innsikt i det som rører seg i fagmiljøet. Berekraft, klimaendringar og miljøvenleg byutvikling er tema som går att i prosjektskildringar og essay. Fem fortellinger om landskap er ei erkjenning av at landskapsarkitekturen spelar ei viktig rolle når me skal tilpassa liva våre til ei framtid med store utfordringar. 

Fakta

"Fem fortellinger om landskap" ble utgitt i forbindelse med at foreningen feiret 90-års jubileum i 2019. Boka ble lansert i bokkafeen under IFLA-kongressen 2019 og på lanseringsfest i regi av NLA Oslo/Akershus og NLA, januar 2020.

ISBN / ISBN: 978-82-922-65-22-2

Hovedtekstene er skrevet av

  • Pernille Heilmann Lien, arkitekt og partner i Lala Tøyen.
  • Thea Kvamme Hartmann, landskapsarkitekt i Snøhetta.
  • Ola Bettum, landskapsarkitekt og byplanlegger. Daglig leder i IN'BY og professor emeritus ved NMBU.
  • Marius Fiskevold, landskapsarkitekt i Sweco Norge og førsteamanuensis ved NMBU.
  • Ingerid Helsing Almaas, arkitekt og leder for satsingsområde Velferd og helse hos DOGA. Tidligere redaktør for Arkitektur N.
  • Solveig Nygaard Langvad, gartner, språkviter og journalist i Arkitektur N.
  • Kine Halvorsen Thoren, landskapsarkitekt, forsker og professor på i NMBU.
  • Torbjørn Ekelund, journalist og forfatter. Redaktør og medeier i Harvest Magazine.
  • Kathrine Strøm, landskapsarkitekt og utviklingssjef for byutvikling i COWI.
  • Rainer Stange, landskapsarkitekt og partner i Dronninga landskap. Professor på AHO og president i NLA.
  • Eric Reid og Gauthier Durey, partnere i Edit Atelier.
Stødig og stilreint om landskapsarkitektur
Nora Helleland
Landskapsarkitekt MNLA.
Stødig og stilreint om landskapsarkitektur
Publisert på nett 01. april 2020. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 1 – 2020. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.