Norsk byhistorie – urbanisering gjennom 1300 år
  • Tittel: Norsk byhistorie - urbanisering gjennom 1300 år
  • Forfatter: Knut Helle, Finn-Einar Eliassen, Jan Eivind Myhre, Ola Svein Stugu
  • Utgivelsesår: 2006
  • Forlag: Pax forlag, Oslo
  • Antall sider: 585

For arkitektar som planleggarar, forvaltarar og som prosjekterande har byen alltid representert eit sentralt arbeidsfelt. Saman med mange andre er vi opptatt av kva vilkår den mangfaldige byen gir for sosial, kulturell og økonomisk utvikling. Ettersom ein stadig større del av byggjeverksemda går føre seg i dei urbane områda, vil byane og tettstadane representere eit enno viktigare arbeidsfelt i framtida. Bytransformasjonsprosjekta vert dessutan meir komplekse og representerer store utfordringar med omsyn til miljøpåverknader, men også sosialt og kulturelt. Det vil derfor vere viktig for arkitektane sin refleksjon over eiga fagleg verksemd at vi har eit godt kunnskapsgrunnlag, ikkje minst om kva eigenskapar byen har hatt opp gjennom tidene som arena og drivkraft i samfunnsutviklinga. 

Det er derfor eit viktig bokverk Pax forlag lanserte i haust. Norsk byhistorie – Urbanisering gjennom 1300 år gir ei samla og vitskapleg basert framstilling av byutviklinga og urbaniseringsprosessen i Noreg frå dei første kjøpstadane til den sterke urbaniseringa i etterkrigstida. For første gong vert byutviklinga i landet analysert i si fulle breidde. Bokverket er ein tidskronologisk gjennomgang av den 1300 år gamle urbaniseringsprosessen i landet vårt, skriven av våre fremste byhistorikarar knytte til ulike universitet og høgskolar i Noreg. Dei fire forfattarane har delt dei ulike tidsbolkane mellom seg. Knut Helle har skrive om byane sitt opphav og byutviklinga i mellomalderen. Finn-Einar Eliassen har tatt føre seg tida frå 1500 til 1830, den førindustrielle byen, medan Jan Eivind Myhre har skrive om den kraftige byveksten frå 1830 til 1920. Utviklinga av den moderne byen frå 1920 og fram til i dag er fortalt av Ola Svein Stugu. Alle har historiefaget som sin profesjon, og forfattarane har gitt ei allsidig og grundig framstilling av stoffet. Boka er lettlest og tiltalande med gode og informative illustrasjonar.

Det kan innvendast mot bokverket at ved å la fire faghistorikarar fortelje historia om den norske byen, vil denne fagprofesjonen sitt syn prege framstillinga, med fokus på dei materielle, økonomiske og politiske drivkreftene i byutviklinga, og med for mange sider med demografiske tabellar. Dersom forlaget også hadde invitert andre fagprofesjonar inn i redaksjonen, ville ein fått ei meir tverrfagleg tilnærming til byhistoria og ei større vektlegging på kultursosiologiske og antropologiske perspektiv. Som arkitekt saknar eg naturlegvis også ei grundigare omtale av byane si fysiske utforming og utvikling, korleis byane tok preg av ulike stilretningar og byggjeskikkar. Likevel vil eg gi forfattarane ros for breidda i framstillinga. Her er det til dømes interessante avsnitt om kvifor bymålet vart så ulikt landsmålet, korleis det utvikla seg ein eigen byidentitet og livsform, og framveksten av ein antiurbanisme som vi framleis kjenner att i samfunnsdebatten.  

Det er vel ikkje å vente at ei bok som denne vil erstatte dei mange kjendisbiografiane under juletreet i år. Eg vil likevel håpe at dette bokverket etter kvart vil få plass i  bokhyllene på arkitektkontora og på arkitektskolane, og at boka vert lese og studert slik at ho kan bli eit viktig kunnskapsgrunnlag for den pågåande by- og tettstadsdebatten i Noreg. 

Norsk byhistorie – urbanisering gjennom 1300 år
Dag Kittang
Dag Kittang er professor ved Institutt for byggekunst, historie og teknologi ved NTNU. Utdannet arkitekt ved NTH 1974. Ph.d. 2006. Har arbeidet som kommuneplanleggar…les mer
Norsk byhistorie – urbanisering gjennom 1300 år
Publisert på nett 01. februar 2017. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 1 – 2007. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.